QUIZ:

LEGOLAND: Eit lite stykke Nederland i forlystelsesparken i Danmark. Veit du kor i Danmark parken ligg?

Test deg sjølv: Sommar, sol og sykling

Quizen i Bø blad blir laga av dei tilsette på omgang. Denne gongen er det José sin tur.

Publisert
  1. Kva for ein sommardrink består av rom, limejuice, sukker, mynte og vatn med kolsyre? 

  2. Kva for ein norsk kommune ligg lengst sør i Noreg?

  3. Kva heiter parken kor kaptein Sabeltann høyrer til?

  4. I kva for ein by i Danmark ligg den originale Legoland-parken?

  5. Kva for ein norsk regel gir alle fri ferdsel og opphald i norsk utmark, uavhengig av kven som eig grunnen?

  6. Kven song låta Summer of '69?

  7. Kven var kapteinen på Uno-X sitt sykkellag under Tour de France i år?

  8. Kva heiter sykkelrittet som går frå First Camp Bø til Lifjellstua 3. september i år?

  9. Kva for eit land har flest øyer i verda?

  10. I kva for ein nasjonalpark ligg Galdhøpiggen - Noregs høgaste fjell?

  11. Kva heiter selskapet som kjøpte Bø Camping og Norsjø Ferieland for nokre år sidan?

  12. Kva definerer Meteorologisk institutt som ei hetebølgje i Noreg?

  13. Kva er definisjonen på tropenatt?

  14. I kva for ein kommune ligg Tusenfryd?

  15. Kva står bokstavane SPF for på solkremtuben?


SVAR:

1) Mojito 2) Lindesnes 3) Dyreparken 4) Billund 5) Allemannsretten 6) Bryan Adams 7) Tobias Halland Johannesen 8) Lifjell Opp 9) Sverige 10) Jotunheimen 11) First Camp 12) Ein periode på minst fem dagar på rad med over 27 °C 13) Ei natt kor temperaturen ikkje går under 20 °C 14) Ås kommune 15) Sun Protection Factor

Powered by Labrador CMS