QUIZ:

VIKING-QUIZ: Vikingane er sentrale i noregshistorien, men kva kan du om dei?

Test deg sjølv: Kva veit du om vikingane?

Quizen i Bø blad blir laga av dei tilsette på omgang. Denne gong er det Stian som utfordrar, og han lurar på kva du kan om vikingane.

Publisert

1.  Kva heitte vikingane sitt skriftsystem?

2.  Kva type skip brukte vikingane mest?

3.  Kven var guden for torevêr?

4.  Kva heitte hovudguden i norrøn mytologi?

5.  Kva år reknar ein som starten på vikingtida?

6. Kvifor dette året?

7.  Kor ligg Lindisfarne?

8.  Kva kalla vikingane dødsriket?

9.  Kva heitte vikingane sitt paradis for falne krigarar?

10.  Kva heitte verdstreet i norrøn mytologi?

11.  Kva gjenstand brukte vikingane til å navigere på havet?

12.  Kva språk snakka vikingane i Noreg?

13.  Kva heitte vikingleiaren som reiste til Vinland (Nord-Amerika)?

14.  Kva heitte Tor sitt våpen?

15.  Kva mynt brukte vikingane?

SVAR:

1. Runer 2. Langskip 3. Tor 4. Odin 5. 793 6. Vikingane sitt angrep på Lindisfarne 7. England 8. Hel 9. Valhall 10. Yggdrasil 11. Solskive 12. Norrønt 13. Leiv Eiriksson 14. Mjølner 15. Sølv

Powered by Labrador CMS