Quiz:

Test deg sjølv: Kva veit du om vatnet me omgjev oss med i Midt-Telemark?
I denne quizen kan du bryne deg på lokale spørsmål om vatn.
1. Det var to store flaumar med styrtregn i Midt-Telemark i fjor. Når var den første?
2. Og kva for ein dag kom den andre?
3. Kva kallar ein den minste vassføringa som blir tillate i Bøelva?
4. Kven er det som skal sørgje for at vassføringa ikkje blir mindre?
5. Kor stor er den minste tillate vassmengda, rekna i liter per sekund?
6. Kva heiter elva som vatnet frå Sundsbarm kraftverk blir ført ut i?
7. Kva heiter innsjøen som ligg nedstraums Seljordsvatnet?
8. Er det slik at vatnet i Seljordsvatnet renn ut i havet?
9. Kva heiter fjordarmen Skiensvassdraget renn ut i?
10. Kva heiter staden der drikkevatnet til heile Bø blir henta frå?
11. Kva type drikkevasskjelde er dette?
12. Kvar er dei to andre vassverka i kommunen?
13. Kor mykje vatn brukar i snitt ein person i løpet av eitt år i Noreg?
14. Går vatnet direkte til forbrukarane i leidningar frå vasskjeldene?
15. Kva er den kjemiske formelen til vatn?
Svar:
1. Måndag 22. juli 2. Onsdag 4. september 3. Minstevassføring 4. Sundsbarm kraftverk gjennom ei avtale med Midt-Telemark kommune 5. 4.500 liter per sekund 6. Vallaråi (vassdraget som kjem frå Flatdal og renn ut i Seljordvatnet) 7. Norsjø 8. Dei aller fleste meiner det er slik, ja 9. Frierfjorden 10. Hagadrag 11. Grunnvatn 12. Nedre Sauherad vassverk på Akkerhaugen og Holtsås vassverk 13. Mellom 150 og 200 liter per dag. 14. Nei, dei fleste får vatn frå drikkevassbasseng 15. H2O, som betyr at det er to hydrogenatom og eitt oksygenatom.