QUIZ:

BØ SENTRUM: Sjekk kva du veit om det som rører seg i næringslivet.

Test deg sjølv: Kva veit du om næringslivet i Bø?

Sjekk kunnskapen du har om spisestadar, frisørar, kaféar og bankar i Bø sentrum?

Publisert

1. Kor mange bankar er det i Bø sentrum? 

2. Kva heiter dei? 

3. Alle bankane i Bø har skifta namn dei seinare åra. Kva heitte Skue Sparebank då den blei etablert i Bø? 

4. Kva heitte Sparebanken Norge inntil nyleg? 

5. Sparebanken Din Telemark er av dei eldste bankane i området. Kva for eit merkenamn hadde den før skiftet? 

6. Kva for årstal oppsto den nye Sparebanken Din med bankavdelingar i Bø og Seljord? 

7. Inntil nyleg hadde Bø sentrum to bensinstasjonar. Kva heiter den som blei stengd? 

8. Kor mange opne kafear er det i Bø nå? 

9. Tre kaféar har stengd ned den seinare tida. Kva heiter dei? 

10. Ei nyopning innan kafébransjen vil skje i haust. Kvar kjem den? 

11. Kva heiter personen som står bak nyetableringa? 

12. Det blir jobba med etablering av to hamburger-restaurantar i Bø. Kva for nokon? 

13. Kor mange spisestadar kan du kjøpe varm mat hos i Bø? 

14. Kor mange frisørar finnast i Bø? 

15. Dersom du ikkje finn deg ein spisestad eller frisør du likar i Bø kan du reise til Gvarv. Kor mange kilometer må du reise da?

 

Svar:

1. Det er fire bankar i Bø 2. Sparebanken Din Telemark, Sparebanken Norge, Skue Sparebank og Sparebank 1 Sør-Norge 3. Hjartdalbanken 4. Sparebanken Sør 5. Bø Sparebank 6. 2013 7. Esso (det er fortsatt drivstoffpumper i drift) 8. Det er berre tre; Husly, Kafé Mariposa og Aasmundsen bakeri. 9. Meieri Smuget, Rast kaffebar og Vaagal kaffebar 10. Sønstebøtunet 11. Gry Annette Rugtveit 12. McDonalds og Burger King 13. Det er faktisk 15 stader inkludert kaféar du kan kjøpe deg eit varmt måltid mat 14. Du kan få fiksa deg på hår og skjegg på ti stader i Bø 15. Åtte kilometer.

Powered by Labrador CMS