QUIZ:

BARNAS VERD: Journalist i Bø blad, Veronica Irmelin Ellingsen, på Katthult i Astrid Lingrends värld.

Test deg sjølv: Kva veit du om barne­litteratur 

I denne quizen kan du bryne deg på spørsmål om ei rekke barnebøker.

Publisert

1. I mars 2025 blei det gjeve ut ei prisvinnande barnebok skriven av Jakob Martin Strids som blir selt for 1000 kroner. Kva heiter boka?

2. I kva år slo Astrid Lingrend gjennom med boka «Pippi Langstrømpe»?

3. Kva for ein mytologi er Percy Jackson basert på?

4. Jo Nesbø er kanskje mest kjend for krimbøkene sine, men han har òg skrive ei barnebok om ein litt sprø doktor. Kva heiter denne doktoren?

5. I skogen skulle det vere fest hos kven i Thorbjørn Egner si bok «Hakkebakkeskogen»? 

6. En pingles dagbok-serien har selt meir enn 1 million kopiar berre i Noreg. Kva heiter hovudkarakteren i serien?

7. Kva for ein kjend barnebokfigur er opphavleg frå Finland?

8. Mamma Mø er ei litt uvanleg ku og hovudkarakteren i bøkene til Jujja Wieslander, men kva heiter venen hennar?

9. Kvar må Emil i Lønneberget gøyme seg når faren hans blir sint?

10. Kva for ein stasjon må Harry Potter gå til for å ta toget til Galtvort i Harry Potter-bøkene?

11. Kven var det som bæsja på hovudet til moldvarpen i barneboka «Den vesle moldvarpen som ville vite kven som hadde bæsja på hovudet hans». 

12. Kven hatar jula i ei av Theodor «Dr. Seuss» Geisel sine mest kjende barnebøker?

13. Kva heiter guten som har Karius og Baktus buande i tennene sine i Thorbjørn Egner si barnebok om dei to tanntrolla?

14. Kva heiter den magiske verda i «Løva, heksa og klesskapet» av C.S Lewis?

15. Kva heiter den usynlege vennen til Albert Åberg i barneboka skrive av Alfons Åberg?

Svar:

1) Den fantastiske bussen 2) 1945 3) Gresk mytologi 4) Doktor Proktor 5) Bamsefar
6) Greg 7) Mummitrollet 8) Kråka 9) Snekkerboden 10) 9 & 3/4 11) Ein hund 12) Grinchen 13) Jens 14) Narnia 15) Skybert

Powered by Labrador CMS