QUIZ:
Test deg sjølv: Kva kan du om Telemark?
Quizen i Bø blad blir laga av dei tilsette på omgang. Denne gongen er det Linn sin tur.
1. Kva for eit motiv har Telemark fylkesvåpen?
2. Kva fargar har det?
3. Kor mange kommunar er det i Telemark?
4. Kva for ein kommune har høgast folketal?
5. Kva for kommune har størst landareal?
6. I kva for eit år blei Telemark gjenoppretta som eige fylke, etter samanslåinga med Vestfold?
7. Kva er det høgaste fjellet i Telemark?
8. Kvar i Telemark har Universitetet i Søraust-Noreg campus?
9. Kor mange stavkyrkjer er det i Telemark?
10. Kva for eit år blei Rjukan-Notodden industriarv oppført på UNESCO si liste over verdas kultur- og naturarv?
11. Kor mange innbyggjarar er det i Telemark?
12. Kor mange sluseanlegg har Telemarkskanalen?
13. Nord-Europas første hengebane for persontransport opna i 1928 og ligg i Telemark. Kva heiter han?
14. Når blei den første jernbana i Telemark opna?
15. Kva slags areal er det mest av i Telemark?
Svar:
1. Bondestridsøks 2. Svart motiv på gullbakgrunn 3. 17 4. Skien 5. Vinje 6. 2024 7. Gaustatoppen 8. Bø, Rauland, Notodden og Porsgrunn 9. 2, Heddal og Eidsborg 10. 2015 11. 177 923 12. 8 sluseanlegg (18 slusekammer) 13. Krossobanen 14. 1882 (Larvik-Eidanger-Skien) 15. Skog (53 %)