Quiz:

KJENT ATTRAKSJON: Her er me på heimebane.

Test deg sjølv: Kva kan du om norske turistattraksjonar?

Quizen i Bø blad blir laga på omgang blant dei tilsette i lokalavisa i Midt-Telemark. Denne gongen er det Linn som spør.

1. Kva heiter togreisa på Vestlandet, som har blitt skildra som ein av dei vakraste i verda?

2. Kva er namnet på den berømte fjellformasjonen som ruvar 604 meter over Lysefjorden?

3. I kva for by finn du Bryggen, ei rekkje historiske trehus?

4. Kva heiter friluftsmuseet i Lillehammer, med rundt 200 autentiske bygningar?

5. Kva for ein skiarena ligg nord for Oslo, og er populær året rundt?

6. Kva er Noregs høgaste fjelltopp?

7. Kva heiter det nordlegaste punktet på fastlandet, markert med eit globemonument?

8. Kva heiter den moderne kyrkja med glasmosaikk som ligg i Tromsø?

9. Kva for ein norsk by blei utnemnd til Europas kulturhovudstad i fjor?

10. Kva heiter utsiktsplattformen som stikk 30 meter ut frå fjellsida over Aurlandsfjorden?

11. Kva heiter den store steinblokka som er fanga mellom to fjellveggar?

12. Kor ligg den største gjenverande stavkyrkja i Noreg?

13. Kva heiter den naturlege vassparken i Nissedal?

14. Kva heiter vegen med 11 hårnålssvingar i Rauma kommune?

15. Kor ligg Noregs største vasspark?



FASIT: 1. Flåmsbana. 2. Preikestolen. 3. Bergen. 4. Maihaugen. 5. Holmenkollen. 6. Galdhøpiggen (2469 m). 7. Nordkapp. 8. Ishavskatedralen. 9. Bodø. 10. Stegastein. 11. Kjeragbolten. 12. Notodden (Heddal Stavkyrkje). 13. Jettegrytene. 14. Trollstigen. 15. Bø i Telemark

Powered by Labrador CMS