PAUSE RUNDT BÅLET: Forberg-Skoe jaktlag samla rundt bålet til lunsj, frå jakta i 2016.

Test deg sjølv: Kva kan du om jakt?

Quizen i Bø blad blir laga av dei tilsette på omgang. Denne gongen er det Linn sin tur.

1. Kva dato startar som regel elgjakta?

2. Kva heiter prøva du må avleggje før ein byrjar med jakt?

3. Kor gammal må du vere for å ta prøva?

4. Kva er aldersgrensa for å utøve småviltjakt på eiga hand?

5. Kor gammal må du vere for å jakte storvilt på eiga hand?

6. Kven vedtek lovene for jakta?

7. Kva er namnet på organisasjonen for jegerar og sportsfiskarar?

8. Kva er jegerregisteret?

9. Kor finn du kravet om human jakt?

10. Er det tillate å jakte med pil og boge i Noreg?

11. Kven må du alltid ha skriftleg løyve frå for å kunne kjøpe våpen?

12. Kva tyder det å skyte med links?

13. Kva er ein piggokse?

14. Viltlova set strenge krav til tryggleik, overfor kva?

15. Kven har eineretten til jakt og fangst på privat grunn?

 

SVAR:  

1. 25. september (med nokre lokale variasjonar). 2. Jegerprøva. 3. Året du fyller 14 år. 4. 16 år. 5. 18 år. 6. Stortinget. 7. Norges Jeger- og Fiskerforbund. 8. Statens register over avlagd jegerprøve. 9. Viltlova §19. 10. Nei. 11. Politiet. 12. Å skyte med våpenet mot venstre skulder. 13. Ung elgokse med lite gevir. 14. Menneske, husdyr og eigedom. 15. Grunneigaren.

Powered by Labrador CMS