QUIZ:
Test deg sjølv: Kva kan du om helse og sjukdom?
Sunt kosthald, trening og nok søvn er nokre av råda som skal gi god helse. Her kan du teste kva du veit om helse og sjukdom.
1. Kva heiter administrerande direktør i Helse Nord?
2. Kor mange skritt om dagen må du gå for å halvere risikoen for å dø?
3. Kva står BMI for?
4. Stemmer det at størstedelen av den vaksne befolkninga i Noreg har overvekt eller fedme?
5. Kor mange porsjonar frukt og grønt er det anbefalt å ete kvar dag?
6. Kva er ein overfølsam for dersom ein har cøliaki?
7. Kva beskyttar MMR-vaksinen mot?
8. Kor mange prosent av befolkninga må vere vaksinert mot meslingar for å oppnå flokkimmunitet?
9. Kva har ein om kroppens eige immunsystem feilaktig angrip kroppens eigne celler og vev?
10. I kva for eit år blei fastlegeordninga innført i Noreg?
11. Kva for eit hormon produserer kroppen ikkje dersom ein har diabetes type 1?
12. Kor mange brystkompresjonar og innblåsninger gir ein ved hjarte- og lungeredning?
13. Kven tar imot nødanrop til det medisinske nødnummeret 113?
14. På kva for ein dato blir verdsdagen for psykisk helse markert i heile verda?
15. Kven sto bak arrangementet 'burpees for barna' for eit par veker sidan?
Svar:
1) Marit Lind 2) 8000 3) body mass index; kroppsmasseindeks 4) ja 5) minst fem, helst åtte 6) gluten 7) meslingar, kusma og røde hundar 8) 95 prosent 9) ein autoimmun sjukdom 10) 2001 11) insulin 12) 30 og 2 13) AMK; Akuttmedisinsk kommunikasjonssentral 14) 10. oktober 15) Groven Fitness