QUIZ:

FILMSTJERNE: Kinosjef Anita Kristensen og Terje Håkonsen saman med ei lilla filmstjerne.

Test deg sjølv: Kva kan du om bil og film

Quizen i Bø blad blir laga av dei tilsette på omgang. Denne gongen er det Gro sin tur.

Publisert
  1. Kva heiter hovudbilen i Børning-filmane?

  2. Kva type bil er det?

  3. Kor mange Børning-filmar er laga?

  4. Kva heiter Reodor Felgens racerbil i Flåklypa Grand Prix frå 1975?

  5. Kven hadde regi på Flåklypa Grand Prix, tidenes mest sette norsk film?

  6. Ein lilla Dodge Van RAM LE350 1980-modell er med i filmane Lange flate ballær. Kva kallar dei bilen?

  7. Kven eig denne filmstjerna av ein bil?

  8. Og kven har regissert desse filmane?

  9. Amerikansk filmserie med superstyla gateracere, halsbrekkande billøp og heftige actionsekvensar. Tittel?

  10. Kor mange filmar er laga i serien?

  11. James Bond køyrer kule bilar og spesielt eit merke går att. Kva for eit?

  12. Kor blir denne biltypen laga?

  13. GT i Rådebank byter bil i tredje sesong, frå Volvo 240 til kva da?

  14. Og kva køyrer karakteren Hege i Rådebank?

  15. Kva type bil køyrer Martin Espeland Verpe frå Bø for tida på racingbanen? 


Svar:

1) Lillegul 2) Ein 1967 modell Ford Mustang fastback 3) Tre 4) Il Tempo Gigante 5) Ivo Caprino 6) Edmobilen 7) Bøheringen Terje Håkonsen 8) Harald Zwart 9) The Fast & The Furious 10) Ti, utgitt i perioden 2001 til 2023 11) Aston Martin 12) Storbritannia, så klart 13) Volvo 850, 1995-modell 14) 2000-modell Golf IV 15) Ein 1996-modell BMW M3, sportsbil bygd for asfaltracing

Powered by Labrador CMS