QUIZ:

FØRJULSTID: Julegrantenning på Bø torg

Test deg sjølv: Kva kan du om advent?

Quizen i Bø blad blir laga av dei tilsette på omgang. Denne gongen er det Linn sin tur.

1. Kva tyder ordet "advent"? 

2. Kva markerer advent?

3. Når fell første søndag i advent?

4. Når vart julekalender vanleg for born i Noreg?

5. Kor mange luker har vanlegvis julekalenderen?

6. I 1979 kom den første julekalenderen på TV i Noreg, kva heiter den?

7. Kva heiter hovudrollefiguren i denne serien?

8.  Kva for farge er adventsfargen?

9.  Kor mange adventslys tenner ein?

10. Kva for eit land blir rekna som opphavslandet for adventsstaken?

11. Kva for ein dato feirar me Lucia-dagen?

12. Kva slags bakst blir laga til Lucia-feiringa?

13. På 2010-talet kom ein figur inn i norske heimar, som flyttar inn og lagar sprell i adventstida. Kva blir den kalla?

14. Kva symboliserer adventsstjerna, som blir hengt i vindauget i adventstida? 

15. Kva dag markerer slutten på advent?

SVAR:

1. Ankomst 2. Ventetida fram til jul 3. Fire søndagar før første juledag 4. Etter 2. verdskrig 5. 24 6. Jul i Skomakergata 7. Jens Petrus Andersen 8. Fiolett 9. Fire, eit kvar sundag i advent 10. Tyskland 11. 13. desember 12. Lussekattar 13. Rampenissen 14. Betlehemsstjerna 15. Julaftan, den 24. desember. 

Powered by Labrador CMS