QUIZ:

VAKKERT: Bø prestegard er ein av mange vakre stadar i Midt-Telemark der ein kan oppleve kunst og kultur i sommar.

Test deg sjølv: Kunst- og kulturrunde i Midt-Telemark

Publisert
  1. Når blei Bø museum stifta?

  2. Kva er tema for sommarutstillinga?

  3. Kva heiter ho som inntil nyleg var dagleg leiar ved museet?

  4. Evju bygdetun har funne opp ein eigen tapasrett. Kva inneheld den?

  5. Kvifor kan ein treffe barn i gamaldagse klede på Evju bygdetun i august?

  6. Kven er sjava på Evju?

  7. Kva skjer på Hørte dampfarveri nå?

  8. Når blei dampfarveri-bygningen sett opp?

  9. Hørte var lenge ein industristad med Hørteverket. Kva laga dei der? 

  10. Bø prestegard byr på kunst og ei spesiell kake. Kva heiter kaka?

  11. Kven var Fru Kofod?

  12. Når var Julius prest i Bø?

  13. Når blei Stiftinga Bø prestegard etablert?

  14. Kunst kan ein også sjå ved Norsjøs breidder. Kor hen?

  15. Det blir også kunstutstilling i høgda. Kor hen?


Svar:

1) I 1977 2) Folkedrakt, bunad og moderne tekstilkunst 3) Cecilie Authen 4) Sju slag graut 5) Da er det Sommarviku for barn med leik og arbeid med jord og dyr på garden 6) Jorid Vale 7) Det er sommarutstilling med kunst og handverk 8) Jernverket på Hørte blei etablert på midten av 1700-talet og produserte mellom anna støypejern 9) 1878 10) Fru Kofods eplekake 11) Olufine Nikoline Amalie var prestefrue, gift med Julius Andreas Kofod 12) Frå 1905 til 1925 13) I 2006 14) Olav H. Skjeldal på Årnes brygge har ope atelier 4. til 19. juli 15) Lifjell kunstsenter opnar 12. juli utstillinga «Tause rom» med bilde av Ida Tveiten

Powered by Labrador CMS