QUIZ:
Test deg sjølv: Her dukkar både neodymium og gubbeskjegg opp.
Her kan du teste deg på både lette og meir vanskeleg spørsmål. Alle bør vere aktuelle for området vårt i Midt-Telemark og Nome.
Laurdagsquizen:
1. Kva er norsk raudliste for artar?
2. Kor mange artar er på raudlista?
3. På nyheitene denne veka blei sinoberbille, gubbeskjegg og bleikdoggnål teke fram om eit stort byggjeprosjekt i nærområdet vårt?
4. Kor mange Raudlisteartar har dei kartlagd i området som er aktuell for gruvedrift i Fensfeltet på Ulefoss?
5. Kva er det dei håpar å finne nede i grunnen på Fensfeltet?
6. Neodymium er eit slikt namn du like godt kan lære deg. Kan du to til av same slag?
7. Til kva formål er det store behov for sjeldne jordartsmettallar?
8. Veit du forresten kva ein humanoid er?
9. Sidan me er inne på artige namn, kva er så gubbeskjegg?
10. Gruveområde på Fensfeltet er berre fire-fem kvadratkilometer stort. Kor mange tonn sjeldne jordartsmettalar reknar dei med å finne?
11. Kor mykje sjeldne jordartsmettalar treng ein for å lage ein einaste elbil?
12. Til slutt litt lokalt næringsliv. Ein lokal campingplass kjem til å bli seld om kort tid. Kva for ein?
13. Kven er kjøparen?
14. Ein butikk i Bøgata som har drive i 22 år skal også seljast. Kva for ein?
15. Ein av spisestadane i Bø utvida akkurat med eigen kafé og restaurant med småbord. Kven?
Svar:
1. Norsk raudliste blir laga av Artsdatabanken og viser kva artar som har risiko for å døy ut i Noreg. 2. Av 23.395 artar som er vurdert for fastlands-Noreg og norsk havområde er 4.957 arter på Raudlista 3. Dette er artar som alle er funne i det aktuelle gruveområdet på Fensfeltet på Ulefoss. 4. 78 artar frå Raudlista. 5. Sjeldne jordartsmetallar. 6. Praseodymium og Neodimium. 7. Elbilar, vindmøller, humanoider, militærfly og mobiltelefonar. 8. Robotar eller skapningar med menneskelege kroppstrekk. 9. Ein lavart som veks på trer og bergveggar, og er ein art på Raudlista. 10. 15 millionar tonn jordartar. 11. Ei til to kilo. 12. Beverøya camping. 13. Campingkjeda TopCamp. 14. Exito. 15. Dattebayo.