QUIZ:
Test deg sjølv: Har du følgt med på lokalnyheitene?
Quizen i Bø blad blir laga av dei tilsette på omgang. Denne gongen er det José sin tur.
Ein utbyggjar vil sette opp eit stort generasjonstun med blant anna ein barnehage. Kor i kommunen?
Kvifor skaut drivstoffprisane i vêret tysdag?
Kommunen har opplevd hærverk på ein robotklippar. Kor blei den funne?
Oterholt grendelag står bak bygginga av ei badstove. Kor blir den bygd?
Kven var ordførar i Bø kommune da Kong Harald og Dronning Sonja besøkte kommunen i 2019?
Kva slags annlegg ønskjer Telemark Aquakultur å utvikle på Herremo i Øvre Bø?
Kor mange fyrsteklasser finst det i Midt-Telemark kommune nå?
Kva har dugnadsgjengen ved Bø museum nyleg bygd?
Kva for ein film laga av selskapet Fenomen Studios fekk tildelt prisen Folkets Amanda?
Kva for eit idretsslag fekk nyleg besøk av to trenarar frå Madeira?
Kulturhusleiaren i Gullbring byter jobb. Kva heiter ho?
Kva heiter midt-telemarkingen som er oppnemnd til å vere assistentdommar under den norske cupfinalen for kvinner?
Kva heiter fondet kor unge kulturtalent i Telemark kan søkje støtte til eigne musikkprosjekt?
Kva for ei bedrift har søkt om å bli barnevernsinstitusjon?
Kor flytter Bø skulemusikk loppemarknaden sin?
SVAR:
1) På Nordbøåsen 2) Avgiftskuttet gjekk ut 3) I Lortebekk 4) Ved Hengebrua 5) Borgar Kaasa 6) Eit landbasert oppdrettsanlegg for fisk 7) Sju 8) Ei bru over Møllebekken 9) Blücher 10) Fotballgruppa i Sauherad IL 11) Trine Brox 12) Regine Sønderland Saga 13) Bjørn Thores minnefond 14) Lifjellstua 15) Til den gamle studentheimen i Breisås