QUIZ:

QUIZ-AKTUELL: Bjørn Myrene, her på scenen med Akkerhaugen rocksamfunn, er med i vekas quiz.

Test deg sjølv: Førjulsmix frå Gro

Quizen i Bø blad blir laga av dei tilsette på omgang. Denne gongen er det Gro sin tur.

Publisert

1. Kortfilm vist på NRK TV nesten kvar veslejuleftan sidan 1980?

2. Den er del av eit større tv-program som heiter?

3. Kva heiter bøheringen i julekalenderen «Nissene i skjul»?

4. I kva for tv-program finn me «The Støveldance»?

5. Namn på tv-julekalender med «Selmas sang»

6. Kven syng songen?

7. Kven spelar karakteren Ole Winter i same serie?

8. Litt julemusikk - kven syng på plata «Rosa frå Betlehem»?

9. Kor er plata spela inn?

10. Plata er kåra til juleklassikar nummer 1 av Dagbladet i 2015, men når er den spela inn?

11. «Fairytale of New York» er ein annan juleklassikar. Artist?

12. Når hadde kulturskulen i Bø sitt fyrste juleshow?

13. Tittel på årets juleshow?

14. Kvart år har showet med ein song frå kjent låtskrivar. Kven?

15. Namn på NRK-julekalender som han skreiv musikk til?

 

1. «Grevinnen og hovmesteren» 2. «Kvelden før kvelden» 3. Bjørn Myrene 4. «The Julekalender» 5. «Snøfall» 6. Eva Weel Skram 7. Vidar Magnussen 8. Sondre Bratland 9. I Fødselskyrkja i Betlehem 10. I 1992 11. The Pogues med Kirsty MacColl 12. I 2005 13. «Fattigmann og resten av slaga til jul» 14. Odd Nordstoga 15. «Jul i svingen».

Powered by Labrador CMS