QUIZ:

IDRETTSGLEDE: Eit av dei nyaste idrettsarena i Midt-Telemark kommune finn ein ved Bø skule. Basketbanen kan også brukast som skøytebane på vinteren. Bilda er frå opningen i juni.

Test deg sjølv eller andre: kor mykje veit du om idrett?

Denne sommaren er det fleire store idrettsarrangement. Kor mykje veit du om lokal og internasjonal idrett? Test deg sjølv da vel!

Publisert
  1. I juni starta verdsmeisterskapet i fotball. Kven spelar mot kvarandre i finalen i morgon?

  2. Kor mange mål skåra Erling Braut Haaland i VM?

  3. Fleire av Skarphedin og Sauherad IL sine fotballag drar på Dana Cup denne sommaren. I kva for eit land er Dana Cup?

  4. Midt-Telemark Beavers var nyleg på cup i Kristiansand. Kva for ein idrett driv denne klubben med?

  5. Kvifor blei 9. etappen i Tour de France korta ned i år?

  6. Kva for ein ryttar frå Uno-X vant onsdagens etappe?

  7. Akkerhaugen Bueskytterklubb arrangerte nyleg bogeskyttar­stemne. I kor mange år har klubben eksistert?

  8. Kor driv Bø motocrossklubb med aktiviteten sin?

  9. I kva for ein by var dei første moderne olympiske lekene i 1896?

  10. Kven er tidenes mest vinnande utøver i vinter-OL målt i antal medaljar?

  11. Kva for ein idrett driv Max Verstappen med?

  12. Kven har verdsrekorden for 100 meter sprint for menn?

  13. Kva for ein idrett dreiv Pete Sampras og Steffi Graf med?

  14. Kva heiter symjestilen der ein fører armane framover over vatnet og vidare ned og under vatnet på ein måte som kan minne om vengeslag?

  15. Kor lang er ein offisiell maratondistanse i løping?


SVAR: 

1) Spania og Argentina 2) syv 3) Danmark 4) basketball 5) på grunn av varmen 6) Søren Wærenskjold 7) 70 år 8) på motocrossbanen på Ralle 9) Athen 10) Marit Bjørgen 11) formel 1 12) Usain Bolt med tida 9,58 13) tennis 14) butterfly 15) 42,195 km

Powered by Labrador CMS