Quiz:

Snart er det Landskappleik - kva veit du om den?
Quizen i Bø blad blir laga på omgang blant dei tilsette i lokalavisa i Midt-Telemark. Denne gong er det Gro som spør.
1. Kva er Landskappleiken?
2. Kor er Landskappleiken 2025 og når?
3. Cirka kor mange har meldt seg på?
4. Kor mange besøkande er venta?
5. Kor mange ulike klasser blir det konkurrert i?
6. I kor mange klasser finn ein folk frå Midt-Telemark?
7. Ein politikar skal opne Landskappleiken 2025. Kven?
8. Spel hardingfele A blir sett på som eliteklassa. Kven frå Midt-Telemark er med her?
9. Ein av dei representerer Falkeriset folkemusikklag. Kven?
10. Kor skal Landskappleiken vera i 2028?
11. Når var førre gong den blei arrangert her?
12. Da var det jubileum, men for kva da?
13. Kor var hovudarenaen i 1988?
14. Kva heiter organisasjonen bak Landskappleiken?
15. Den har fått ny styreleiar. Kven?
Svar:
1) Eit årleg «noregsmeisterskap» i folkemusikk og folkedans 2) Eidfjord i Hardanger, 25. til 29. juni 3) Over 900 enkeltpersonar 4) Om lag 5000 5) 30 6) 10 7) Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery 8) Johanne Flottorp, Lars-Ingar Meyer Fjeld, Per Anders Buen Garnås og Ottar Kåsa 9) Ottar Kåsa 10) Bø 11) I 1988 12) Det var 100 år sidan fyrste felekappleiken, som var på Grivi i Bø i 1888 13) På Bø mølle 14) Folkorg 15) Kristian Ihle Hanto frå Lunde