QUIZ:
Sjekk om du heng med i fotballspråket
Kor godt kjenner du eigentleg fotballspråket? Er du heilt innafor - eller heilt på jordet?
Kva betyr det når ein spelar blir avblåst for "offside"?
Kva er "hat-trick"?
Kva vil det seie å "parkere bussen"?
Kva er ein "assist"?
Kva inneber det å få eit gult kort?
Kva er eit "sjølvmål"?
Kva meiner ein med "tilleggstid"?
Kva betyr det at eit lag held "reint bur" (clean sheet)?
Kva er ein "corner"?
Kva står forkortinga "VAR" for i moderne fotball?
Kva vil det seie å "drøye tid"?
Kva er ei "veggpasning"?
Kva er eit "frispark"?
Kva betyr "direkte raudt kort"?
Kva er "overgangsvindauget"?
Svar:
1 Spelaren er framfor nest siste motspelar i pasningsaugneblinken 2. Tre skåringar av same spelar i éin kamp 3. Ekstremt defensivt spel der nesten heile laget forsvarar eige mål 4. Målgivande pasning 5. Offisiell åtvaring 6. Å setje ballen i eige mål 7. Ekstra minutt lagt til for avbrot i spelet 8. Å fullføre kampen utan baklengsmål 9. Hjørnespark 10. Video Assistant Referee (videodømming) 11. Bevisst somle for å la klokka gå 12. Rask pasning fram og tilbake mellom to spelarar 13. Igangsetjing etter regelbrot 14. Direkte utvising 15. Periodane der klubbar kan kjøpe og selje spelarar