QUIZ:
Sjefar og skatt - kva kan du om kommunen din?
Test deg sjølv, eller nokon andre, med denne quizen. I dag kan du bryne deg på lokale spørsmål om Midt-Telemark kommune.
- Kva heiter stillinga til øvste administrative leiar i kommunen?
- Kven har denne stillinga i Midt-Telemark kommune?
- Når starta ho i denne stillinga?
- Kva for ei stilling har Bjørn Magne Langkås i kommunen?
- Kommunen har tre kommunalsjefar, kva for ei avdeling er Hans Kortner Ryen kommunalsjef for?
- Heidi Roheim har nettopp starta i ny sjefstilling - kva for ei sjefstilling?
- Kva for eit parti tilhøyrer ordføraren i kommunen?
- Kva er det høgaste politiske organet i Midt-Telemark kommune?
- Kor mange representantar har dette styret?
- Er kommunestyret sine møte opne for publikum?
- Kor mange representantar har formannskapet?
- Kva for eit utval behandlar søknader om dispensasjon i byggesaker?
- Kva er skattesatsen for eigedomsskatt i Midt-Telemark kommune?
- Kven har bestemt denne skattesatsen?
- Kor mange offentlege tilfluktsrom finn ein i Midt-Telemark kommune?
SVAR:
1) Kommunedirektør 2) Eva Rismo 3) August 2025 4) Varaordførar 5) Teknisk 6) Økonomisjef 7) Senterpartiet 8) Kommunestyret 9) 29 10) Ja 11) Sju 12) Utval for plan teknikk og næring 13) 4 promille 14) Kommunestyret 15) Ingen