LOKALT MUSIKKLIV: Jon Solberg er ein av mange musikarar som tidlegare har gjesta Telemarkfestivalen - med og utan fele.
Arkivfoto
Romjulsquiz: Lokalt musikkliv
Dei tilsette i Bø blad gjev deg nokre nøtter å knekke kvar dag i romjula. Her er nokre om lokalt musikkliv.
- Kven har komponert filmusikken til «Knerten» frå 2009?
- Kven er den nye vokalisten til gruppa Heimveg?
- Kva slags musikk driv Mattis Kleppen med?
- Kor mange plater har Ni Liv gitt ut?
- Og kva heiter vokalisten i Ni Liv?
- Kven er Torgeir Augundsson betre kjent som?
- Og kva for eit instrument spela han?
- Når blei bandet Ugras danna?
- Kva heiter den fyrste singelen til Audun Rørmark?
- Kor er Anne Fagermo frå?
- Kven står bak konserten «Romjulstoner» i Bø kyrkje i romjula?
- Kva er artistnamnet til Geir Arne Dale?
- Kor er musikkvideoen til «We Are One» av KAASIN! spelt inn?
- Bjørn Thores minnefond delte nyleg ut pengar til fire unge talent. Nemn minst to av desse.
- Kven er rektor i kulturskulen i Midt-Telemark?