Marta Kjøllesdal
Romjulsquiz: Lokal geografi
Dei tilsette i Bø blad gjev deg nokre nøtter å knekke kvar dag i romjula. Her er nokre om lokal geografi.
1. Kva heiter dei tre fossane ikkje langt frå Bø museum?
2. To av fossane ligg ved kvar sin høl. Kva heiter dei?
3. Kva heiter segnsteinen ved Ånto ved Bryggefjell i Bø?
4. Kva heier dei to (tre) vatna i nord og aust som du kan sjå frå Maskat i Askildtfjella?
5. Kor høg er Maskat?
6. Kva heiter elva på vestsida av Sauherad kyrkje?
7. Kva heiter bekken på andre sida av kyrkja?
8. Kva heier fjelltoppen der det austlegaste punktet i kommunen ligg?
9. Kva heiter det smale vatnet der det vestlegaste punktet ligg?
10. Kvar er kommunens nordlegaste punkt?
11. Og det sørlegaste punktet i kommunen?
12. Kva heiter skjæret i Norsjø, som ligg rett ut frå Ottersnesodden?
13. Kva for kommunar møtast på Deildenuten i vest?
14. Ved kva for eit vatn og på kva for eit fjell hamnar du ved å følgje Gjuvsåa/Juvsåa?
15. Kva heiter bekken ned mot Heddalsvatnet langs yttergrensa til kommunen?
5 veker for 5 kroner
Deretter 145 per månad.
Inga binding.
Kjøp