QUIZ:

VEDKLØYVING: Det er greitt å ordne med litt opptenningsved når fyringssesongen er i gang. Her ordnar Norvald og Nils med litt bjørkeved. Jakka som heng på veggen har tilknytting til spørsmål ni og ti.

Prøv deg på laurdagsquizen

Quizen i Bø blad blir laga av dei tilsette på omgang. Denne gongen er det Øystein sin tur, og spørsmåla kan passe godt i november.

Publisert

1. Det er tid for å mate småfuglane. Kva heiter fuglen mange tek for å vere gråspurv?

2. Kva heiter den einaste fuglen i Noreg som kan klatre ned ei trestamme med hovudet først?

3. Kva fugl har kallenamnet tiurklokke?

4. Kva kjem kallenamnet av?

5. Kva fugl blei mest registrert i den nasjonale hagefugltellinga 2025?

6. Kva type ved brenn mest og gir mest varme av bjørk, eik og gran?

7. Kva reknast for idéell fuktigheitsprosent i ved?

8. Kva er harpiks?

9. Korleis gjekk det med Skarphedin sitt seniorlag for herrar i 4. divisjon?

10. Og kva med damelaget i 3. divisjon, avdeling sør?

11. Denne helga feirar eit av studia ved USN Bø stort jubileum. Kva for eit?

12. Det blei halde ein stor minnekonsert for ein markant folkemusikkutøvar frå Bø sist helg. For kven var dette?

13. Kva heiter strømstøtteordninga som blei innført 1. oktober?

14. Kva er prisen i øre per kilowatt-time inkludert moms for denne ordninga?

15. Kven reknar ein med tjenar mest på denne ordninga?

SVAR:

1. Pilfink 2. Spettmeis 3. Rødstrupe 4. Det byrjar å synge så tidlig om morgonen, ofte før tiuren er i gang med sitt spel 5. Kjøttmeis, følgd av dompapp 6. Eik 7. 15-20 prosent 8. Harpiks er eit organisk stoff som trea skil ut for å beskytte seg mot skadar og infeksjonar, 9. Laget hamna nest sist på tabellen og skal spele i 5. divisjon neste år 10. Laget blei nummer åtte av tolv lag, men tredje best av telemarks-laga 11. Kulturstudiet i Bø er 50 år 12. Folkesongar og kvedar Agnes Buen Garnås 13. Norgespris 14. 50 15. Nokon meiner det er staten, nokon seier at det er du og meg.

Powered by Labrador CMS