QUIZ:

SNØMANN: Det finst mange gøye aktivitetar som ein kan gjere når snøen har kome.

Når snøen manglar i bygda, trengst ein snøquiz

På fjellet har snøen kome, men nede i bygda er den foreløpig mangelvare. I dag byr me på quiz om det kvite fenomenet.

Publisert

1. Kor mykje nysnø tilsvarar 1 mm nedbør som regn?

2. Kva heiter snø i form av små ispartiklar?

3. Kva er den ideelle temperaturen for snødanning?

4. Kor fort vil eit gjennomsnittleg snøfnugg falle mot bakken?

5. Kva kallar me overgangsforma mellom snø og regn?

6. Kor mange prosent av solstrålinga reflekterer eit snødekke med nyfallen tørr snø?

7. Kor mange symmetriaksar har eit snøfnugg?

8. Kva for ein type snø er bra å lage snømenn av?

9. Kven syng "Det snør, himmelsk korrekturlakk over feilstavet sommer" ?

10. Korleis lager ein snøkanon-snø?

11. Kor bratte skråningar skal ein unngå dersom det er fare for snøskred?

12. Kva er snø laga av?

13. Kva heiter snømannen i Disney-filmen Frost?

14. Får ein mark i magen av å ete snø?

15. Har snø ein isolerande effekt?

SVAR:

1) Cirka 1 cm 2) Hagl 3) Omkring og litt under 0 grader 4) 0,5–2,0 meter per sekund 5) Sludd 6) 90 prosent 7) Seks 8) Kram snø 9) Anne Grete Preus 10) Den forstøvar vann til små dråper og blæs dei ut i kald luft 11) Skråningar med ei halling over 30 grader 12) Gjennomsiktige iskrystallar 13) Olaf 14) Nei, det er ein myte 15) Ja

Powered by Labrador CMS