Quiz:

I EUROPA: Kva for eit hav er knytt til denne byen, tru?

Kvifor ikkje starte ferien med ein sommarquiz?

Fellesferien er snart i gang. Her kan du teste deg sjølv på spørsmål knytt til sommaren.

Publisert

1. Fullfør denne songlinja: «Jeg sitter ned på berget og ….»

2. Kor gammal kan ei reke bli?

3. Når er eigentleg fellesferien?

4. Til kva for eit land dreg flest nordmenn på ferie?

5. Kor ligg bubilparkeringa som TV-personen Lothepus driv?

6. Kven i den norske kongefamilien har bursdag 4. juli?

7. Kva heiter den svenske gruppa som syng låta «Ooa hele natten…»?

8. Og når blei denne låta gitt ut?

9. Kva for eit år syng Bryan Adams om i låta «In the summer of …»

10. På ferie i Frankrike har mest sannsynleg dopapiret kva for ei farge?

11. Kor stor prosent av Sahara er sand?

12. Kor og når drog det første charterflyet frå Norge?

13. Kva for eit hav bader du i viss du besøker Lisboa?

14. Kva er hovudstaden i Kroatia?

15. Kva for eit stjerneteikn blir du født i viss du har bursdag 1. august?

 

SVAR:

1) …ser utover havet 2) Ti år 3) Fellesferien er ofte dei tre siste vekene i juli. I 2025 startar fellesferien den 7. juli, i veke 28 4) Til Spania 5) I Odda 6) Dronning Sonja 7) Attack 8) I 1981 9) ´69 10) Rosa 11) 20 prosent 12) Til Palma de Mallorca i 1959 13) Atlanterhavet 14) Zagreb 15) Løva

Powered by Labrador CMS