Quiz:

Kva veit du om Telemarkfestivalen?
Test deg sjølv, eller nokon andre, med denne quizen. I dag kan du bryne deg på lokale spørsmål om Telemarkfestivalen i Bø.
1. Kva for eit årstal blei den første Telemarkfestivalen arrangert?
2. Kven var den første styreleiaren?
3. Kven blei festivalens første løna festivalsekretær?
4. Kva har namna Øystein Akselberg, Annette Winkelmann og Asgaut Bakken til felles i festivalhistoria?
5. I 2003 tok festivalen i bruk ein ny konsertarena i Bø sentrum, noko som blei ein suksesshistorie i sju år. Kva heiter arenaen?
6. Nivelkinn heitte bestillingsverket til festivalen i 2001. Kven laga det?
7. I dagane 7. til 10. august 2025 er det klart for ny festival. Kven toppar artistplakaten?
8. Festivalen tek i bruk eit heilt nytt konsertlokale under årets første konsert. Kvar er dette?
9. Kva heiter dagens styreleiar i Telemarkfestivalen?
10. Kva er slagordet til festivalen?
11. Kven laga dette?
12. Sundag føremiddag er det gratis utekonsert. Kvar?
13. Blant årets artistar finn ein fleire lokale namn. Kan du nemne nokre?
14. Kven skal opne festivalen?
15. Ikkje overraskande blei det konserten med Knut Reiersrud, Mattis Kleppen og Andrea Søgnen som blei først utseld på årets festival. I kva for eit konsertlokale går denne konserten?
Svar:
1. 1990 2. Kristian Hanto 3. Kjell Bitustøyl 4. Dei har alle vore dagleg leiar i Telemarkfestivalen 5. Skogen gård 6. Odd Nordstoga og Øyonn Groven Myhren 7. Stein Torleif Bjella 8. I den nye konferansesalen på Bø hotell og Bø kunnskapspark 9. Evy Beate Stykket 10. Fy fela for ein festival 11. Journalist Ingebjørg Bø 12. Slettelibergja 13. Byting, Ottar Kåsa, Mattis Kleppen, Halvor Kleppen, Suigard, Jon Solberg og Anders Røine, Per Anders Buen Garnås, Tone Steinstad, Bø Dansarring og Spelemannslaget Bøheringen. 14. Knut Reiersrud 15. Konsertlåven i Nordbøvegen.