PÅSKEQUIZEN:

TRADISJONAR: Bøker og film er ein sterkt forankra påsketradisjon i Noreg. Kva for sjanger er spesielt populær?

Kva veit du om påsketradisjonar i Noreg og verda?

Test deg sjølv, eller nokon andre, med denne påskequizen. I dag kan du bryne deg på påsketradisjonar.

Publisert

1. Kva er påskens farge?

2. Kva for to dyr blir knytt til påske?

3. Kva slags kjøt er typisk påskemat i Noreg?

4. Kva for litteratursjanger er spesielt populær i påska?

5. Kva for land kjem tradisjonen med påskeharen frå?

6. Kva er den eldste påskepynten?

7. I kva land har dei tradisjon med raude egg?

8. Kva symboliserer dei raude egga?

9. I kva land finn du «Easter Bilby», eit alternativ til påskeharen?

10. Kva for dyr er det italienske påskebrødet Colomba pasquale forma som?

11. Kva er Scoppio del Carro i Firenze?

12. Kva er Hot Cross Buns?

13. I kva land og på kva påskedag blir desse etne?

14. Kva symboliserer påskeegget?

15. Kva for arrangement held Det kvite hus i USA kvar påske?

 

SVAR:

1. Gul 2. Hare og kylling 3. Lam 4. Krim 5. Tyskland 6. Gåsungar og utsprungne bjørkekvister 7. Hellas 8. Jesu blod og oppstode 9. Australia 10. Due 11. Fyrverkeri-show i ei dekorert vogn på påskedagen 12. Krydra bollar med kors 13. Langfredag i Storbritannia og land i det britiske samveldet 14. Nytt liv, oppstode og fruktbarheit 15. «Easter egg roll»

Powered by Labrador CMS