PÅSKEQUIZEN:
Kva veit du om natur og friluftsliv?
Test deg sjølv, eller nokon andre, med denne påskequizen. I dag kan du bryne deg på tema om natur og friluftsliv.
1. Kven står bak dei offisielle norske fjellvettreglane?
2. Når blei dei først lansert?
3. Under revideringa i 2016 forsvann ein klassisk regel. Kva handla den om?
4. Kva står det i regel nummer ein?
5. Kva dyr i norsk natur er kjent som vårt nasjonaldyr?
6. Kva er kallenamnet til dette dyret?
7. Kven er dei fire store rovdyra i Noreg?
8. Er det lurt å spele daud om ein skulle få eit nærmøte med bjørn?
9. Kva er historia bak påskeharen?
10. Kva to ting MÅ ein ha med i sekken på skitur i påsken?
11. Kva slag litteratur og tv-seriar høyrer påsken til?
12. Kor stor andel av nordmenn oppgjev at dei skal på ski i påsken?
13. Kor mange egg blir det spist i Noreg i påskeveka?
14. Kva betyr eigentleg ordet appelsin?
15. Kvar kjem ordet hytte frå?
SVAR:
1. Den Norske Turistforening og Røde Kors 2. 1952 3. Grav deg ned i tide 4. Planlegg turen og meld frå kor du går 5. Elgen 6. Skogens konge 7. Ulv, brunbjørn, jerv og gaupe 8. Nei, det vil berre gjere bjørnen meir nysgjerrig 9. Det stammar frå gamal overtru om ein hare som la egg og gøymde dei for menneskebarn 10. Appelsin og Kvikk-lunsj 11. Krim-sjangeren 12. Tre av ti seier dei skal på ski 13. 26 millionar egg 14. Kinesisk eple15. Frå nedertysk hütte; Lite og fattigsleg hus.