Quiz: 

BØ KYRKJE: Påska er den største og viktigaste høgtida i Den norske kyrkja.

Kva veit du om kyrkja si påskefeiring?

Test deg sjølv, eller nokon andre, med denne påskequizen. I dag kan du bryne deg på temaet "kyrkja i påska".

Publisert

1. Kvifor blir veka frå palmesøndag til påskeaftan kalla den stille veka?

2. Kva for farge brukar kyrkja i påska?

3. Kvifor heiter det palmesøndag?

4. Kva skjedde på skjærtorsdag?

5. Kva markerer ein på langfredag?

6. Påskemorgon er høgdepunktet i kyrkjene si påskefeiring? Kva skjedde da?

7. Korleis markerer ein langfredag i den katolske kyrkja?

8. Korleis førebur ein påske i den ortodokse kyrkja?

9. I kva for rekkjefølgje kjem langfredag, palmesøndag, skjærtorsdag og påskeaftan?

10. Kva for datoaer er raude i kalenderen påska 2025?

11. Påske kjem frå det hebraiske ordet «pesach». Kva betyr det? 

12. Korleis døde Jesus, ifølgje Bibelen?

13. Kva var det siste Jesus sa?

14. Kva er Golgata?

15. Kva heitte kvinna som i Bibelen fann grava til Jesus tom?

SVAR:

1) Tidlegare ringte ein ikkje med kyrkjeklokkene denne veka, og ein brukte heller ikkje orgel på gudstenester 2) Fiolett fram til langfredag og kvitt etter påskeaftan 3) Søndag før påske kom Jesus ridande på eit esel mot Jerusalem, og blei hylla som ein konge medan folk strødde palmegreiner på vegen til ære for han 4) Jesus åt påskemåltid med disiplane og innstifta nattverda 5) Jesu liding og død 6) Ifølgje evangelia stod Jesus opp frå dei døde 7) Bilde av Jesus blir dekt med svart klede 8) 55 dagers faste i forkant 9) Palmesøndag, skjærtorsdag, langfredag, påskeaftan 10) 17., 18., 19. og 21. april er helligdagar 11) «Å gå forbi» 12) Han vart krossfesta 13) «Min Gud, min Gud, hvorfor har du forlatt meg?» 14) Staden der Jesus vart krossfesta 15) Maria Magdalena

 

 

Powered by Labrador CMS