Romjulsquizen:

Kva veit du om julemusikk?
Test deg sjølv, eller nokon andre, med denne romjulsquizen. I dag kan du bryne deg på julemusikk.
1. Kva for ein song byrjar med «Nå har vi vaska golvet og vi har bori ved»?
2. Kva for eit band gav ut låta «Stjernesludd» og kven har skrive den?
3. Kva for ein julesong er den første som blei sendt frå verdsrommet?
4. «Whamageddon» er eit spel der det gjeld å gå flest dagar i desember utan å høyre ein spesiell julesong. Kva for ein song er det?
5. Kva for ein vekedag er det me heng opp klede i julesongen «Så går vi rundt om ein enerbærbusk»?
6. I kva julesong er det ein snømann som heiter Parson Brown?
7. Kva for ein artist har den mest kjende innspelinga av låta «Blue Christmas»?
8. Ein av verdas mest kjende julesongar blei eigentleg skrive til den amerikanske høgtida Thanksgiving. Kva heiter låta?
9. Kva fekk Kalle til å vakne til liv i «Snømannen Kalle»?
10. Kva seier teksten at gamlemor gumla på i songen «Julekveld i Skogen»?
11. I musevisa dreg musefar fram noko, som dei pyntar med «spindelvev, småspiker og sånn». Kva pyntar dei?
12. Ifølgje Alf Prøysen, kor mange år skulle ein «vøri» i romjula?
13. Kva språk blei låta «Glade jul» opphavleg skrive på?
14. Kva julesong duetterte Bing Crosby og David Bowie i 1977?
15. Kva heiter julelåten og artisten som har Guinness rekord for bestseljande singel til jul?
SVAR:
1. Julekveldsvisa. 2. DumDumBoys, skrive av bassisten i bandet, Aslak Dørum. 3. Jingle Bells. 4. Last Christmas. 5. Onsdag. 6. Winter Wonderland. 7. Elvis Presley. 8. Jingle Bells (omsett til norsk med tittelen Bjelleklang). 9. Ein flosshatt med litt trolldom i. 10. Sitt siste stykke brød. 11. Ein støvel utan tå. 12. 4 år. 13. Tysk (Stille Nacht, heilige Nacht). 14. The Little Drummer Boy / Peace on Earth. 15. White Christmas med Bing Crosby.