Quiz:

Kva veit du om geografi og land rundt i verda?
Test deg sjølv, eller nokon andre, med denne påskequizen. I dag kan du bryne deg på spørsmål frå jorda rundt.
1. Kor lang tid brukar jorda rundt sin eigen akse?
2. Kva er det minste kontinentet?
3. Kva er hovudstaden i Colombia?
4. Kva for ei elv renn gjennom Paris?
5. Kor finn ein Brandenburger Tor?
6. Kor mange meter haller Pisa-tårnet seg ute av loddlinja?
7. I kva for eit land ligg øya Bali?
8. Kva er den største byen i USA?
9. Kva er det mest folkerike landet i verda?
10. I kor mange land brukar ein Euro som valuta?
11. Korleis ser det Sveitsiske flagget ut?
12. Kva heiter den største regnskogen i verda?
13. Finst det regnskog i Noreg?
14. Kor i Noreg finn ein landets største universitet?
15. Kor lang er Panamakanalen?
SVAR:
1) 23 timar 56 min 4,09 s 2) Australia 3) Bogota 4) Seine 5) I Berlin 6) 5 meter 7) Indonesia 8) New York 9) India, 1,45 milliarder menneske 10) 20 land 11) Eit raudt kvadrat med ein kvit kross på midten 12) Amazonas 13) Ja 14) Trondheim 15) 80 km