ROMJULSQUIZEN:

QUIZ: Fridomsgudinna blei avduka 28. oktober 1886 og var ei gåve til det amerikanske folket. Veit du kven dei fekk gåva frå?

Kva kan du om USA?

Test deg sjølv, eller nokon andre, med denne romjulsquizen. I dag kan du bryne deg på USA.

Publisert

1. Kor mange statar består USA av? 

2. Kva for to amerikanske statar begynner med "North"?

3. Washington D.C. er hovudstaden i USA, men kva står D.C. for?

4. Kva for eit land ga Fridomsgudinna i gåve til USA?

5. Kven var den første presidenten i USA?

6. Kor blei Barrack Obama fødd?

7. Berre ein person har sete som president lenger enn to periodar - kven?

8. Kva for to land grensar USA til?

9. Kva er den største byen i USA etter folketal?

10. Kva feirar amerikanarane den 4. juli?

11. Kva for eit språk, bortsett frå engelsk, er det nest mest brukte i USA?

12. I kva for ein stat bur det flest såkalla norsk-amerikanarar?

13. Kor mange kilometer er det i ein amerikansk mile?

14. Kven var visepresident under Bill Clinton?

15. Kva farge har dei 50 stjernene som er i USA sitt flagg?

SVAR:

1. 50 2. North Dakota og North Carolina 3. District of Columbia 4. Frankrike 5. George Washington 6. Hawaii (Honolulu) 7. Franklin D. Roosevelt 8. Canada og Mexico 9. New York 10. Uavhengigheitsdagen (Independence Day) 11. Spansk 12. Minnesota 13. 1,6 km 14. Al Gore 15. Kvit

Powered by Labrador CMS