Quiz:

PÅSKEGODT: Det finst mange variantar av sjokolade, men kor godt kjenner du dei?

Kva kan du om sjokolade?

Test deg sjølv, eller nokon andre, med denne påskequizen. I dag kan du bryne deg på sjokolade.

Publisert

1. Kva for sjokolademerke er kjend for kombinasjonen myntefondant og mørk sjokolade?

2. Kjend for trekantforma bitar?

3. Kven lagar sjokoladen "Kvikk lunsj"?

4. Kva for to ulike dyr er sjokoladen "Påskekompiser" forma som?

5. Kva er dei fire påskeegga som ligg i ein lilla boks fylt med?

6. Kva heiter sjokoladen som inneheld peanøtter, nougat og karamell?

7. "Dronningsjokolade" blei lansert som ein eksklusiv og finare sjokolade i 1921. Kva blir den selt som i dag?

8. Kva heiter Freias populære sjokoladepose, med assorterte, innpakka konfektbitar?

9. Kva heiter sjokoladen som har sprø karamell dekt med sjokolade?

10. Kva er sjokoladeproduktet "Gode ønsker"?

11. Kva for sjokolade er kjend som "tursjokoladen"?

12. På dei små melkesjokoladene til Freia er det trykt noko på innsida av emballasjen. Kva?

13. Sjokoladen består av melkesjokolade fylt med rista ris med toffeekjerne, kva heiter den?

14. Kva består sjokoladen Gullbrød av?

15. Troika består av tre lag, dekt med sjokolade. Kva består laga av?

 

SVAR:

1) After Eight 2) Toblerone 3) Freia 4) Kylling og hare) 5) Mjølkekrem 6) Snickers 7) Eit bakeprodukt 8) Twist 9) Daim 10) Konfekteske med assorterte sjokoladebitar 11) Kvikk lunsj 12) Eit eventyr 13) Toppris 14) Marsipan trekt med mørk sjokolade 15) Marsipan, trøffel og bringebærgele

Powered by Labrador CMS