ROMJULSQUIZEN:

EIN ROMJULSAKTIVITET: Skitur på isen på Svarttjønn i Breisås kan vere ein fin aktivitet i romjula.

Kva kan du om romjula?

Test deg sjølv, eller nokon andre, med denne romjulsquizen. I dag kan du bryne deg på fakta om akkurat romjula.

Publisert

1. Kva dag er romjula offisielt i gang?

2. Og kva er siste dag som er romjul?

3. Kva betyr eigentleg namnet romjul?

4. Å gå julebukk er ein gamal tradisjon. Når starta ein å gå julebukk?

5. Kor gamal var det ideelt å vere akkurat i romula, ifølgje Alf Prøysen i songen Romjulsdrøm?

6. Sjakk har blitt ein romjulsaktivitet i romjula. Kven har sørgd for det?

7. Når gjorde juletreet sitt inntog i heimane til folk i Noreg?

8. Duoen Øystein Bache og Rune Gokstad har julequiz på NRK i romjula. Kva heiter programmet?

9. I Storbritannia har dei «Boxing Day» i romjula. Kva handlar det om?

10. Kva dag er denne viktige hendinga?

11. Kva er bakgrunnen for namnet?

12. I Nederland har dei ein juletradisjon på 2. juledag som heiter meubelboulevard. Kva går det ut på?

13. Heilt frå heidensk tid var det krav om å gjere ære på gudane Odin og Tor i jula. Kva heilag handling var dette?

14. Denne aktiviteten blei seinare lovfesta og nedteikna i ei lov. Kva for lov?

15. Kven av julemattradisjonane er eldst av saueribbe og svineribbe?

 

SVAR:

1. Tredje juledag 2. Nyttårsaftan 3. Av norrønt «rumheilagr», som betyr ein periode som ikkje er lovpålagd å halde heilag 4. På 1500-talet 5. Fire år 6. Sjakkspelaren Magnus Karlsen 7. Ved århundreskiftet 1800-1900 8. Julenøtter 9. Fotball 10. Alltid 2. juledag 11. I Storbritannia var Boxing Day tradisjonelt ein dag da tenestefolket fekk ein boks med restane frå herskapets julemat, derav «boksedagen» 12. Det handlar om shopping på møbelbutikk 13. Nære naboar skulle gå saman om å drikke øl dei hadde bryggja sjølv 14. Gulatingslova 15. Saueribbe

Powered by Labrador CMS