ROMJULSQUIZEN:

SJU SLAG: I Noreg bakar me gjerne sju slag til jul, veit du kvifor?

Kva kan du om julemat i ulike land?

Test deg sjølv, eller nokon andre, med denne romjulsquizen. I dag kan du bryne deg på julemat i ulike land.

1. I Storbritannia blir ofte «Christmas cake» laga til jul. Kva slags kake er det?

2. Kva er vanleg å ete på julaftan i Sverige?

3. Kva slags julemiddag får du servert i Danmark?

4. Panettone er tradisjonsbakst til jul i Italia. Kva er det?

5. Turrón er ei mandelkake som ofte blir eten i jula i kva for land?

6. Kva er vanleg juledessert i Australia?

7. Kulkuls er ein tradisjonell, frityrsteikt julegodbit. I kva land blir desse laga til jul?

8. I kva land et mange KFC (Kentucky Fried Chicken) til jul?

9. Pinnekjøt er ein vanleg julerett i Noreg. Kva er eit anna namn på retten?

10. Kva type fisk er populær i Latvia til jul?

11. Kva land har lutefisk som tradisjonsrett?

12. Kva slags mat er vanleg å ete i Austerrike på julaftan?

13. Bûche de Noël er ei rullekake som blir servert til jul i Frankrike. Kva ser ho ut som?

14. I Ungarn et mange Halászlé til jul. Kva er det?

15. I Noreg er det vanleg å bake sju slag til jul. Kvifor sju?


SVAR:

1. Fruktkake 2. «Julbord», buffet med varme og kalde rettar. Juleskinka er nærmast obligatorisk! 3. Mest sannsynleg fleskestek, heilsteikt and eller gås 4. Julekake av søt gjærbakst med tørka frukt 5. Spania 6. Pavlova eller julepudding 7. India 8. Japan 9. Saueribbe 10. Sild 11. Noreg, Sverige og delar av Finland. USA gjennom skandinavisk innvandring. 12. Karpe eller fjørfe 13. Ein trestamme/kubbe 14. Ei krydra fiskesuppe 15. Talet sju var eit lykketal.

Powered by Labrador CMS