Quiz:

FESTIVAL: Kvart år i august blir Telemarkfestivalen arrangert.

Kva kan du om hendingar i august?

Quizen i Bø blad blir laga av dei tilsette på omgang. Spørsmåla kan til tider vera farga av det. Denne gongen er det Linn sin tur.

1. Kor mange dagar er det i august?

2. Kva for ein keisar er månaden kalla opp etter?

3. Kva for to land har nasjonaldag 1. august?

4. Knut Hamsun vart fødd 4. august, i kva for eit år?

5. I august 1974 går USA sin president av som følgje av Watergate-saka. Kva heitte han?

6. USA sleppte ei atombombe over ein japansk by den 9. august 1945. Kva heiter byen?

7. Eit svensk krigsskip kantra og sokk i hamna ved sin første tur 10. august 1628. Kva heitte skipet?

8. Ein 45 kilometer lang mur vart reist i august 1961. Kva heitte muren?

9. 14. august 1814 vart Mossekonvensjonen inngått. Kva gjekk avtalen ut på?

10. Svalbardtraktaten sikra Noregs suverenitet over Svalbard. Når trådte den i kraft?

11. Den norske fiolinisten og komponisten Ole Bull døyr 17. august 1925, kva for ein by kom han frå?

12. 19. august 1960 blir den sovjetiske satellitten Sputnik 5 skoten opp med to dyr om bord. Kva slags dyr?

13. 29. august 1968 var det kongelig bryllaup i Oslo domkyrkje. Kven gifta seg?

14. Atlanterhavspakta la grunn for forsvarssamarbeidet i NATO og trådte i kraft 24. august. Kva år?

15. Telemarksfestivalen er ein årleg festival i Bø. Kva er festivalens slagord?

SVAR:

1. 31. 2. Augustus. 3. Sveits og Benin. 4. 1859. 5. Richard M. Nixon. 6. Nagasaki. 7. Vasa. 8. Berlinmuren. 9. Noreg godkjende unionen med Sverige. 10. 14. august 1925.11. Bergen. 12. To hundar (Belka og Strelka). 13. Harald og Sonja. 14. 1949. 15. Fy fela for ein festival. 

Powered by Labrador CMS