Quiz

Kva kan du om heilagdagar?
Test deg sjølv eller nokon du kjenner i denne quizen om heilagdagar.
1. I tillegg til kristne høgtidsdagar, kva for ein dag er heilagdag etter norsk lovgjeving?
2. Kva for ein heilagdag blir feira 39 dagar etter første påskedag?
3. Kva for ein vekedag hamnar den alltid på?
4. Kva er den tidlegaste datoen påskesøndag kan falle på i den vestlege kalenderen?
5. Kva for ein heilagdag blir feira 50 dagar etter første påskedag?
6. Er 1. mai og 17. mai heilagdagar?
7. Når gjeld lova om heilagdagsfred?
8. Kva kjem namnet "Skjærtorsdag" av?
9. Kva for ein dag i påsken døydde Jesus på krossen?
10. Kva blir feira i vestleg kristendom den 25. desember?
11. Kva for ein heilagdag blir kalla Jesu namnedag i kyrkja?
12. Andre juledag blir også kalla Stefanusdagen. Kvifor?
13. Kva for eit uttrykk blir ofte brukt for å omtale heilagdagar og offentlege høgtidsdagar samla?
14. Kvifor feirar me pinse?
15. Kor mange heilagdagar har me i Noreg, i tillegg til søndagar?
SVAR:
1. Søndag 2. Kristi Himmelfartsdag 3. Torsdag 4. 22. mars 5. Første pinsedag 6. Nei, det er ein offentleg høgtidsdag 7. Frå 00 til 24 på heilagdagar, samt etter kl. 16 på påske-, pinse- og julaftan 8. Gamalnorsk skira, "reinsing", som truleg viser til at Jesus vaska disiplane sine føter før dei åt påskelammet 9. Langfredag 10. Jesu fødsel. Klokka 17 11. 1. nyttårsdag 12. Til minne om Stefanus, som ifølgje kristen tradisjon var kyrkja sin første martyr 13. "Raude dagar" 14. Til minne om at Den heilage ande kom over apostlane og let dei snakke og oppfatte framande språk som sitt eige 15. 10 heilagdagar