QUIZ:
Kva kan du eigentleg om lokalavisa di?
Neste veke har Bø blad jubileum. Då er det på sin plass med ein quiz om lokalavisa i Midt-Telemark. Klarer du alle, veit du mykje om lokalavisa di.
1. I kva for eit år vart Bø blad starta?
Kva dato kom den første utgåva av Bø blad ut?
Kva heitte den første redaktøren i avisa?
Kva heiter den ansvarlege redaktøren i dag?
Kven var den første styreleiaren?
Kven er styreleiar i Bø blad i dag?
Kva heitte dei to første tilsette journalistane?
Kva for eit år fekk avisa fullverdig nettavis?
Bø blad eig ei anna lokalavis, kva for ei?
I 2018 fekk Bø blad ein pris for frimodig bruk av nynorsk. Kva heiter prisen?
Bø blad dekte opphavleg Bø kommune. Kva for eit år vart dekninga utvida til Sauherad, og kvifor?
Kva for ein dag kjem papiravisa ut?
Kvar har Bø blad kontoret sitt?
Kven eig Bø blad?
Kvar feirar Bø blad 40-årsjubileet neste torsdag?
SVAR:
1. 1986 2. 27. august 1986 3. Arne Kielland 4. Hilde Eika Nesje 5. Bergit Askildt Myrjord 6. Karl Gunnar Sanda 7. Trond Lepperød (100 %) og Gro B. Røiland (20 %) 8. 2019 9. Kanalen (lokalavisa for Nome) 10. Målblome 11. I 2018, i samband med den komande kommunesamanslåinga 12. Torsdag 13. Bø sentrum (Bøgata 69) 14. Lokale aksjonærar (både privatpersonar, selskap og foreiningar har eigardelar) 15. Bø torg