QUIZ:
Kva hugsar du frå fjoråret?
Test deg sjølv, eller nokon andre, med denne quizen. I dag kan du bryne deg på lokale spørsmål frå fjoråret.
1. Kva heiter frisørsalongen som starta opp i på Sønstebøtunet i januar 2025?
2. Ein lokal forfattar gav ut romanen "Og likevel finst du" i januar i fjor. Kva heiter forfattaren?
3. På starten av fjoråret opna ein ny restaurant på Bø-senteret. Kva heiter den?
4. Det vart òg klart at ei hurtigmatkjede vil etablere seg i Esso sine gamle lokale. Kva for kjede?
5. Ei lokal bedrift fylte 30 år og vart miljøfyrtårnsertifisert i februar 2025. Kva heiter bedrifta?
6. Våren 2025 vart det kjent at Sauherad IL hadde signert ein rockeartist og TV-stjerne. Kva heiter han?
7. Ein bøhering vart noregsmeister då ho vann junior-NM i sandvolleyball. Kva heiter ho?
8. I august starta ein ny journalist i Bø blad. Kva heiter ho?
9. Det vart òg meldt om vekst i folketalet i Midt-Telemark frå juli 2024 til 2025. Kor stor prosentvis auke var det?
10. På hausten var det val. Kva for parti gjorde eit knallval og vart Midt-Telemarks nest største parti?
11. Gisle Knutsen frå Gvarv gjorde suksess med musikken på Spotify. Korleis lagar han musikken?
12. I november opna butikken "Vesle Adde" i Bøgata. Kva slags butikk er det?
13. Sparebanken DIN meldte om fusjon med ein annan sparebank. Kva for ein?
14. I desember delte Bø blad ut årets heiderspris. Kven fekk årets pris?
15. Kven blei kåra til årets bedrift i Midt-Telemark i desember?
SVAR:
1. Rå Frisør 2. Vidar Sundstøl 3. Midori 4. McDonald's 5. Sentrum Vaskeri og Reinhald AS 6. Alex Rosén 7. Elita Tvinde 8. Veronica Irmelin Ellingsen 9. 2 prosent 10. Frp 11. Kunstig intelligens 12. Barnebutikk 13. Drangedal Sparebank 14. Bergit Lie 15. Bø hotell