Kor godt kjenner du norske byar?
Quizen blir laga av dei tilsette på omgang, noko spørsmåla kan vera farga av. Denne gongen har Stian laga quiz.
Kva for norsk by var vertskap for vinter-OL i 1994?
I kva by finn du den kjende ishallen Vikingskipet?
Kva by er kjend for jugendstilarkitekturen sin etter ein stor bybrann i 1904?
Kva by blir kalla «Rosenes by»?
I kva by vart Henrik Ibsen fødd?
Kva by er kjend for sølvgruvene sine?
Kva by var europeisk kulturhovudstad i 2024?
I kva by finn du den historiske festningsbyen Gamlebyen?
Kva by er kjend for den årlege norske filmfestivalen og utdelinga av Amandaprisen?
Kva by er kjend for kopargruvene sine og står på UNESCO si verdsarvliste?
Kva by er særleg kjend for utskiping av svensk jernmalm via Ofotbanen?
Kva by blir kalla «Nordens Paris»?
Kva by er kjend for Nidarosdomen?
I kva by finn du den populære turistattraksjonen Dyreparken?
Kva by er kjend for Bryggen med dei historiske trehusa?
Svar: 1. Lillehammer 2. Hamar 3. Ålesund 4. Molde 5. Skien 6. Kongsberg 7. Bodø 8. Fredrikstad 9. Haugesund 10. Røros 11. Narvik 12. Tromsø 13. Trondheim 14. Kristiansand 15. Bergen