Quiz:

AGURKQUIZ: Denne agurken et me mest av i Noreg, men kva heiter den?

I agurktida passar det med ein agurkquiz

Agurktid er ein periode om sommaren når media på grunn av ferietid har få nyheitssaker og i staden for slår små og uvesentlege saker stort opp. Nå er det sommar og kva passar da betre enn ein quiz om agurkar?

Publisert

1. Er agurk ein grønsak eller frukt?

2. Kva for ein familie tilhøyrer agurkplanten?

3. Kva for farge har blomane på agurkplanten?

4. Når kom agurken til Noreg?

5. Kor mange prosent vann inneheld ein agurk?

6. Kva slags agurk et me mest av i Noreg?

7. Kva er den optimale temperaturen å oppbevare ein agurk på?

8. Kor ofte bør du vanne ei agurkplante?

9. Kor kjem agurken opphavleg frå?

10. Finst det viltveksande agurkplantar?

11. Er agurkplantar fleirårige plantar?

12. Når på året kan du få kjøpe norsk agurk?

13. Kor mange prosent av agurkane me åt i fjor blei dyrka i Noreg?

14. Kor finn ein Noregs største agurkgartneri?

15. Kva veier ein agurk, sånn cirka?

 

SVAR:

1) Botanisk sett er det ein frukt 2) Graskarfamilien 3) Gul 4) På 1600-talet 5) 96 prosent 6) Slangeagurk 7) 12-14 grader 8) Kvar dag 9) Frå India 10) Nei 11) Nei 12) Heile året 13) 83,5 prosent 14) I Frosta 15) 300 gram

Powered by Labrador CMS