Quiz:

Her kan du teste kva du veit om påske
Quizen går på omgang blant dei tilsette i Bø blad. Her er det Gro som utfordrar.
1. Kva er det «påskemorgen slukker» (ifølgje salmen)?
2. Kven skreiv den?
3. Kva er tema for salmen?
4. Kvifor heiter det palmesøndag?
5. Kva er opphavet til ordet påske?
6. Kvifor feira jødane påske?
7. Kven stod i spissen?
8. Etter Egypt, kor lenge gjekk dei rundt i Sinai-ørkenen?
9. Kor mange fjellvettreglar er det?
10. Kven laga dei og for kva?
11. Kva var bakgrunnen?
12. Når lanserte Nidar sin fyrste påskemarsipan?
13. Kor ligg fabrikken?
14. Ein anna påskegodis er Freias Kvikk Lunsj. Når kom den?
15. Kva heiter bandet som spelar på Bull Inn kvar påskeeftan?
SVAR:
1) Sorgen 2) Nikolai Frederik Grundtvig i 1843 3) Jesu oppstandelse 4) Folk strødde palmegreiner i vegen den dagen i påska da Jesus rei
inn i Jerusalem 5) Ordet Pascha (gresk/latin), som kjem av jødiske
pesach (hebraisk) 6) Til minne om frigjeringa frå slaveriet i Egypt 7) Moses 8) I 40 år 9) Ni, opphavleg var det ti 10) Røde Kors og Den Norske Turistforening laga dei til
Aksjon fjellvett 11) At det i påska 1967 omkom 18 menneske i fjellet 12) I 1915 13) I Trondheim 14) I 1937 15) E-76.