QUIZ:

TWIST: Populært godteri med lang historie, men som har endra seg mykje sidan starten.

Her kan du prøve deg på søtt, salt og surt

Quizen i Bø blad blir laga av dei tilsette på omgang. Denne gongen er det Gro som spør om søtt, salt og surt godteri.

Publisert

1. Kva heiter Noregs eldste sjokolade?

2. Ein polfarar hadde med store mengder av denne sjokolada i 1911. Kven?

3. Slagordet er «Søtt, salt og syrlig». Godteriet heiter?

4. Kva for produkt blei i 1906 marknadsført under slagordet ”Virker oplivende og bidrager til at bevare sindets munterhet".

5. Når kom Twist på marknaden?

6. Kor mange og kva for bitar er att frå dei opphavlege 18 slaga?

7. Ei sjokolade laga som ideell tur- og reserveproviant?

8. Når kom den?

9. Kva er den vanlegaste ingrediensen i surt godteri?

10. Kva er lakris?

11. Når blei sukkertøyet lakrispipa, fyrst framstilt på 1920-talet, forbode å selja i norske butikkar?

12. Når kom den britiske konfekten Quality Street, som er kalla opp etter eit teaterstykke?

13. Dei kjem i mange fargar og smakar og var Ronald Reagans favorittgodteri?

14. Kor finn du Bertram Butts allsmakbønner?

15. Nidar blei etablert i 1912. Kor ligg fabrikken? 

SVAR: 

1. Selskaps sjokolade, produsert av Freia sidan 1895 2. Roald Amundsen på veg til Sydpolen 3. Godt & blandet, produsert av Malaco 4. Freia melkesjokolade 5. I 1958 6. Cocos og lakris 7. Kvikk Lunsj 8. 1937 9. Sitronsyre 10. Ekstrakt frå den friske rota av lakrisplanta 11. I 2010 12. I 1936 13. Jelly Beans 14. I Harry Potter, populært ved Galtvort høyere skole for hekseri og trolldom 15. Trondheim

Kjelde: Store norske leksikon, Freia.no, Wikipedia

Powered by Labrador CMS