SPØRSMÅL: Denne staden er aktuell i vekas quiz.
Privat
Her finn du spørsmål om politikk, geografi og fotball
Quizen i Bø blad blir laga av dei tilsette på omgang. Spørsmåla kan til tider vera farga av det. Denne gongen er det Rune sin tur.
1. Kva heiter heimebanen til Manchester United?
2. I kva for eit land ligg hovudkontoret til flyselskapet Ryanair?
3. Har Finland fleire eller færre innbyggarar enn Noreg?
4. Kva for ei øy må du reise til for å vitje Ny-Ålesund?
5. Kva heiter kjærasten til Skipper`n ?
6. Kva for ein høgrepolitikar var Noregs statsminister frå 1981 til 1986?
7. Kva står forkortelsen IPS for ?
8. Kva heiter nasjonalretten i Japan?
9. Kva er hovudingrediensen i italiensk Bruschetta?
10. Kor mykje blod (omtrent) har eit vaksent menneske i kroppen?
11. Brødrene til Kari Bremnes er også musikarar, kva heiter dei?
12. Kva for ein norsk artist gav i 1994 ut albumet «Innerst i sjelen»?
13. Kva for eit lag har vunne La Liga flest gonger (Den spanske toppserien)?
14. Kva for ein klubb spelte Diego Maradona flest kampar for?
15. Kva for ein tysk landslagsspelar hadde tilnamnet «keiseren»?