QUIZ:

Har du følgt med i lokalavisa den siste veka?
Quizen i Bø blad blir laga på omgang av dei tilsette i lokalavisa. José testar om du har følgt med i avisa den siste veka.
1. Kva heiter dama som fylte 100 år førre veke, og som dreiv Bø barnekonfeksjon?
2. Når er det Dyrsku'n?
3. Kva heiter den nye journalisten i Bø blad?
4. Kva for eit bakeri i Midt-Telemark heldt stengt i tre veker om sommaren?
5. Kva sel Joker-butikken på Nordagutu mest av på natta?
6. Kor har Ole Gjermund Vreim og Michelle Christin Eie fått seg jobb?
7. Kva slags sjefsstilling har kommunedirektøren lyst ut?
8. Kva slags arrangement ønsker Bø gardeigarforeining å arrangere?
9. Kva handler foredraget om som Bø Kvinneforum og Bø Bygdekvinnelag arrangerer?
10. Kor mange pengar deler minnefondet etter Bjørn Thore Andreassen ut i år?
11. Kven står bak plata 'Som lindi bere lauv'?
12. Kva heiter bøheringen som skal spele i ei framsyning ved Teater Ibsen?
13. Kva for eit parti fekk flest stemmer ved skulevalet ved Bø vidaregåande skule?
14. Kva for eit parti fekk flest stemmer ved skulevalet nasjonalt?
15. Kven får Bø blad i postkassa når avisa har fulldistribusjon?
.
SVAR:
1) Anne Bakken 2) 12.-14. september 3) Veronica Irmelin Ellingsen 4) Gvarv Bakeri 5) Ferdigmat og snacks 6) Bø ungdomsskule 7) Økonomisjef 8) Julemarknad 9) Overgangsalderen 10) kr. 50.000,- 11) Anders Hefre og Johanne Flottorp 12) Guro Bø Kaasa 13) Arbeiderpartiet 14) FrP 15) Alle hustandane i Midt-Telemark, Nome og Seljord