Gro sin quiz:

Quizen i Bø blad blir laga av dei tilsette på omgang. Spørsmåla kan til tider vera farga av det. Denne gongen er det Gro sin tur.

Publisert Sist oppdatert
  1. I sommar skal «alle» på noregsferie. Kor mange fylke har me å feriere i?
  2. Kor mange var det før årsskiftet?
  3. Ferielandet Noreg har mange europavegar. Kva er start og stopp-punkt for E6?
  4. Før 1985 var E6 enda lenger. Kva var da startpunkt i sør?
  5. Kva for vegstrekning blir kalla «Verdens vakreste turistvei»?
  6. Kor mange ferjer er det på denne vegstrekningen?
  7. I vårt eige feriefylke har me to Europavegar. Kva heiter dei?
  8. Ein av dei hadde fram til 1992 same namn som eit band frå Vest-Telemark. Kva da?
  9. Bandet har ein låt om ein rånar i Bø. Kva heiter låta?
  10. Telemarkskanalen var lenge ein viktig veg i Telemark. Når sto kanalen ferdig?
  11. Kanalen mellom Skien og Norsjø blei laga fyrst. Når blei den bygd?
  12. Kor mange sluser er det i Telemarkskanalen?
  13. Kor lenge har MS Victoria trafikkert kanalen?
  14. Ein langt større båt går i rute mellom Bergen og Kirkenes. Kva heiter den?
  15. Den starta som rutebåt mellom Trondheim og Hammerfest. Når da?

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker for 5 kroner

Deretter 145 per månad.
Inga binding.

Kjøp

Sjå fleire
tilbod

KLIKK HER

Powered by Labrador CMS