QUIZ:

Er du førebudd? Test kva du kan om beredskap

Snart er det Eigenberedskaps­veka – test kor godt du kjenner råda frå DSB.

Publisert
  1. Kor lenge tilrår styresmaktene at alle hushald skal kunne klare seg sjølve i ein krise?

  2. Råda skal dekkje fire grunnleggjande behov. Kva er dei?

  3. Kor mange liter drikkevatn bør du lagre per person?

  4. Kvar bør du lagre vatnet?

  5. Kor lenge kan reint vatn på reine behaldarar lagrast utan at det blir farleg å drikke?

  6. Kva mat bør du bruke først i ein krise?

  7. DSB gir tre råd for å sikre at du kan betale. Kva er dei?

  8. Når skal du ta jodtablettar?

  9. Kor mange dagars ekstra forsyning av faste legemiddel bør du ha?

  10. Kva radiokanal er den offisielle beredskapskanalen?

  11. Kvar bør du søkje dekning dersom det ikkje finst tilfluktsrom i nærleiken?

  12. Kva slags mobildekning må du ha for å få nødvarsel på telefonen?

  13. Sirenane tutar i tre seriar med eitt minutts opphald mellom. Kva tyder det?

  14. Kva tyder det når sirenane tutar samanhengande i eit halvt minutt?

  15. Kva kallar DSB ein person du kan hjelpe og få hjelp av i ein krise?

Svar: 1. Éi veke 2. Varme og lys, mat og vatn, informasjon og legemiddel og hygiene 3. Rundt 20 liter 4. På ein mørk og kjølig stad utan direkte sollys 5. Årevis 6. Mat med kort haldbarheit, som kjøle- og frysevarer 7. Ha fleire betalingskort, litt kontantar heime og konto i fleire bankar 8. Berre etter beskjed frå styresmaktene 9. Minst sju dagar 10. NRK P1 11. I kjellaren eller i eit rom midt i bygget – og hald deg unna vindauge 12. 4G- eller 5G-dekning 13. «Viktig melding – søk informasjon» 14. At faren er over 15. Ein beredskapsvenn

Powered by Labrador CMS