Illustrasjonsfoto Bø blad
Ein heil skokk, seier me – men kor mange er det i ein skokk?
Quizen i Bø blad blir laga av dei tilsette på omgang. Spørsmåla kan til tider vera farga av det. Denne gongen er det Synnøve sin tur.
1. Kva for ein ny butikk opnar på Bøsenteret i juni?
2. Kva for eit nytt tilbod kjem på Provence restaurant i Bø nå snart?
3. Kva er ein pirol?
4. Kor mange medlemmer har Sentrumsringen i Bø, 35, 52 eller 83?
5. Kven var det som gav 50.000 kr til Demenskoret Midt-Telemark?
6. Kven var programleiar for programmet Demenskoret på NRK?
7. Kva er ein primstav?
8. Veit du kva for datoar som markerer fyrste sommardagen og fyrste vinterdagen,
då dei bytta side på primstaven?
9. Når går me over frå vintertid til sommartid i år?
10 Og skal me stille klokka ein time fram eller tilbake da?
11. Kor mykje er det i eit dusin?
12. Kor mykje er eit gross?
13. Kor mange centimeter det i ein fot?
14. Kor mange centimeter er det i ein tomme?
15. Kor mange er det i ein skokk?