QUIZ:

QUIZ: Eit sjeldan syn i Noreg er storken. Har du observert den her, så er det ikkje sikkert at kollegaene dine trur på deg.

Dei kan vere store og små - her får du fuglequizen!

Quizen i Bø blad blir laga på omgang av dei tilsette i lokalavisa. Denne gongen er det José som spør deg om fugl, inspirert av storkeparet ho meiner ho såg torsdag morgon.

Publisert


1. Kva for ein fugl er rekna som Noregs minste?

2. Finst det stork i Noreg?

3. Kor mange tær har ein fuglefot vanlegvis?

4. Kva for ein organisasjon jobbar med fuglevern og ornitologi?

5. Kva for ein fugl er kjent for å stele andre fuglar sine reir for å legge egg der?

6. Kva for ein fugl skiftar farge til kvit om vinteren?

7. Kva heiter paringsritualet hos enkelte fugleartar kor hannane skal «vise» seg fram for hoene? 

8.  Kva for ein rovfugl er den største vi har i Noreg, målt i vengespenn?

9. Kva heiter fuglen til Harry Potter?

10. Kva slags fugl er Donald Duck?

11. Kva er den største og mest utbreidde fuglen i meisefamilien?

12. Kva kallar me fugl som reiser sørover når vinteren kjem?

13. Kva heiter fuglen som på grunn av det fargerike nebbet sitt har fått kallenamnet 'sjøpapegøye'?

14. Er gråsporven raudlista i Noreg?

15. Kva for ein fugl har ein sannsynlegvis sett om ein trur ein har sett stork i Noreg?

SVAR:

1. Fuglekongen 2. Den hekkar ikkje her, men det hender at enkeltindivid blir observert 3. Fire 4. BirdLife Norge 5. Gauk 6. Fjellrype 7. Fugleleik 8. Havørn 9. Hedwig 10. And 11. Kjøttmeis 12. Trekkfugl 13. Lundefugl 14. Ja, den er raudlista som 'nær trua'  på grunn av ein markant bestandsnedgang 15. Trane

Powered by Labrador CMS