KLAR FOR AVGANG: Viktor Radchenko med ein av bilane han har kjøpt med innsamla midlar i Noreg, og som er gitt som gåve til soldatar i Ukraina.
Privat
Viktor køyrer bilar frå Noreg til fronten i Ukraina: – Det blir vanskeleg med nye reglar
Viktor Radchenko har jobba med frivillig arbeid i heimlandet i årevis. Nå driv han frivillig arbeid for den ukrainske hæren frå Midt-Telemark.
I nesten ti år var Viktor Radchenko (60) djupt engasjert i ulike frivillige aktivitetar og arbeid i Ukraina. Engasjementet for fødelandet har ikkje forsvunne, sjølv om han og familien måtte flykte frå Kyiv da Russland invaderte Ukraina i 2022.