Skuffelsen er stor i idretten i Midt-Telemark etter at ny fleirbrukshall på Gvarv er satt på vent. Da kommunestyret i Sauherad i juni vedtok bygging av ny barne- og ungdomsskule, fann det ikkje pengar til fleirbrukshall nå. I samarbeid med idrettslag og andre aktørar skal kommunen arbeide vidare med løysingar og finansiering, og fleribrukshall skal ifølgje vedtaket kome som 2. byggetrinn med sikte på gjennomføring så snart som muleg.